 |
 |
|
 |
 |
|
|
 |
Lysholsætra
Utsikt frå Hinakken
Litt om sætra
Lysholsætra ligg ca 1,5 km ovanfor garden. Ein restaurert sæterveg går frå tunet vårt og slyngar seg opp fjellsida, og endar på Lysholsætra. Vegen vart bygd i 1912 og utbetra mykje i 1945. DEn er oppgradert med jamne mellomrom, seinast i 2009. Det er no god traktorveg heilt opp. Ca. 300 meter før sætra så ligg det restar etter bergverksdrift av kopar. Denne staden vert kalla Koparhola. Det var i 1881 at denne gruva med 12-15 innslag var driven av Bastian Jacobsen Aure, men drifta gjekk dårleg sidan det var ulendt og veglaust på denne tida.
På Lysholsætra var det vanleg med 8 veker med sæterdrift med mjølking. Denne drifta tok truleg slutt på 50 talet. Det er no berre 1 sel som står igjen av dei 5 tidlegare bygningane, og det er vårt sel. Også i dette selet har det vore mjølking i kjellaren, og det var restar av båsar der før, sjølv om takhøgda er berre ca 1,-1,6 m.
Det er og fint turterreng i tilknyning til sætra med Hinakken som næraste fjell med sine 432 m over havet. Ein kan ellers gå vidare til Eidem, Grebstad og Hjellane via turstiar, samt til Vassætra.
Andre fjellturar i nærleiken er til Storevarden (645m) og Sandvikshornet (876 m).
|
|
|
 |